Ein tur ned i Jettegrytene i Helvete er ei oppleving av dei sjeldne. Det er eitt av naturens mange underverk. Det går an å la seg imponere av det naturkreftene har fått til. Ein runddans i ei vill elv har saman med stein, grus og is slipt til desse kjempestore Jettegrytene.
Etter ein spasertur på eit par hundre meter frå parkeringsplassen, begynner nedstigninga. Du treng ikkje å gå langt før du får kjensle av veldige naturkrefter. Elva som gjekk her, har skore seg ned i fjellet. Eg ser for meg ei vill og fossande elv som pressar seg fram gjennom eit trongt gjel og kastar seg ut for høge stup. Ho roar seg litt etter kvart, men har villskapen i seg heile vegen på si ferd mot Mjøsa. Der får ho kvile ut etter ein anstrengande tur på 60-70 kilometer. Stien endar nede i botnen av ei stor jettegryte. Du er faktisk nå i sentrum av der runddansen skjedde. Du blir kanskje liten ved tanken. Eit menneske har lite å stille opp mot dei kreftene som har utfolda seg her.